Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Du kan hausta 2.-3. året etter planting

12.11.2012

Ved etablering av nye felt er det ei klar tilråding å berre planta greina tre (2 årige planter).

Ved etablering av nye felt er det ei klar tilråding å berre planta greina tre (2 årige planter).

Dette gjer at ein alt i år 2 etter planting kan ta ut avling på plommer og moreller og i år 3 på eple og pærer. Greina tre vert levert om hausten og kan setjast i jorda ved mottak. Disse trea vert i hovudsak produsert etter tinging.

Du bør derfor tinga trea 2 år før levering for å vera sikker på levering.