Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs og oppfylging

11.11.2012

Hjeltnes vidaregåande skule tilbyr kurs/fagdagar for frukt- og bærdyrkarar.

 

Kurset vert modulbasert og kan gjennomførast attåt anna arbeid. Målsetjinga med kursa er å utnytta potensialet på garden betre, auka kvaliteten på produkta og auka omsetjinga. Du kan finna meir om dette på www.hjeltnes.vgs.no