Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Avsparkmøte

20.01.2013

Avsparkmøtet den 16. januar 2013 på Hotel Ullensvang hadde 110 deltakarar og vart opna av ordførar Solfrid Borge. Hovudpunkta og nokre av innlegga finn du på neste side.

Terje Bleie leia møtet.

Åse Vaag frå Fylkesmannen orienterte om satsing på frukt og at det no er opna for inntil 30% støtte i rydde- og plantetilskot. Fylkesmannen

Jan Ove Nes frå Norsk Fruktrådgiving Hardanger orienterte om opplegget for gardsbesøka og endringar i Fruktklienten. Gardsbesøk

Roger Utengen frå Bama orienterte om Bama sitt behov for frukt. Hans bodskap er at det er no ein må satsa for å kunna posisjonera seg i marknaden. Utengen signaliserer behov for frukt som langt overstig dagens produksjon. Han peika også på at det er viktig at fruktdyrkarane i Hardanger står saman om sal/marknadsføring.

Remi Goulignac orienterte om United Bakeries (herunder Det lille presseriet)   og arbeidet med å få Isklar tilbake i marknaden.   Det lille Presseriet kjøpte300 tonn eple i fjor og ynskjer å få auka dette i 2013. 

I tillegg møtte representantar frå Sparebankstiftinga Hardanger, Hardangerrådet, Bioforsk, NILF og Hjeltnes vidaregåande.