Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

DyrkSmart er avslutta

24.01.2016

Prosjektet er no gjennomført innanfor budsjettert kostnadsråme på NOK 4 461 000 og med alle aktivitetar gjennomført og alle delmål på plass. Prosjektet trong 4 månader utover planlagd tidsråme for å verta ferdig med alle aktivitetar.

Fullstendig sluttrapport finn du under Arkiv (toppmenyen).

Prosjektet har også skissert vegen vidare og peikar særleg på tre viktige aktivitetar.

  • Røynsla frå gardbesøk syner at aktiv fagleg oppfølging ut hos produsentane er verdifull for både lager og produsent. DyrkSmart vil derfor oppmoda fruktlagera om å etablera slike ordningar.
  • Hardanger er ein god merkevare, men ein må vakta seg for at verdien av denne vert redusert og i verte fall minimalisert. DyrkSmart vil derfor tilrå at fruktdyrkarane i Hardanger set i verk tiltak for å sikra at merkevara Hardanger(frukt) vert forsterka.
  • Det må leggjast til rette for at fleire satsar på moreller og at eldre felt vert ombygd til  tunellar.