Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

DyrkSmart film

14.10.2013

No er opptaka til DyrkSmart filmen byrja

Sparebanken Vest har finansiert ein informasjonsfilm om DyrkSmart og opptaka starta i helga 12.- 13. oktober.

Bildet er frå opptaka på Hesthamar/Lothe hos Tomas og Tor Hesthamar. I tillegg vert det også laga opptak på fruktlagera og hos Bama.

Planlagt ferdigdato er medio november 2013. Me gler oss!