Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs i Fruktklient

20.02.2013

På oppmoding vert det nå arrangert kurs i Fruktklienten. Kursstader er Utne (4. mars), Nå (5. mars), Lofthus (6. mars), Ulvik (14. mars) og Øystese (15. mars).

Kurshaldar vert Øystein Spilde. I tillegg vert det med ein frå Fruklageret.

For dei som ynskjer det vert det høve til å kobla opp eigen PC (trådlaust).

På kurset vil ein gå innom alle deler av programmet, men med særleg vekt på endringar i m.a. teig/felt og sprøyting.

Alle kursa er opne for medlemmer i Hardanger  Fjordfrukt, Ullensvang Fruktlager og Nå fruktlager. Du melder deg på der det passar deg best.

 

Påmelding kurs FK