Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Gardsbesøk III

11.11.2013

Første halvdel av 2013 vart det gjennomført 45 gardsbesøk.

Gardsbesøka startar no opp att  og dei som ynskjer besøk , og ikkje har meldt om dette tidlegare, bør teikna seg snarast. Me vil då ha som mål at alle som melder seg innan 15.11 skal få besøk i løpet av 2013. Meld deg på via linken under  – eventuelt ta kontakt med fruktlageret.

PÅMELDING HER: