Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Gardsbesøk IV

27.04.2014

Det er no gjennomført ca 80 gardsbesøk.

Gardsbesøka er ein aktivitet som er lagt til haust/vinter for å passa inn i arbeid på lageret/garden. For best mogeleg planlegging ber vi derfor om at dei som ynskjer besøk haust 2014, melder dette inn no, og her gjeld først til mølla prinsippet.

Skulle det vera nokon som har ynskje om besøk vår/sommar 2014 - skriv dette i kommentarfeltet og vi skal prøva å få dette til også.

Bruk påmeldingsknappen til høgre på denne sida.