Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Gardsbesøk på Valland

06.11.2013

3.oktober var me på Gardsbesøk hos Karin og Gjermund Valland

I DyrkSmart skal me ut og vitja alle produsentane. I kommunane Kvam og Jondal er det ca 50 fruktdyrkarar og av disse har 10 tatt i bruk det nye dyrkingssystemet. Også i denne delen av Hardanger er det godt klima for fruktdyrking og såleis eit godt utgangspunkt for å få auka fruktproduksjonen, både ved å ta i bruk nye metodar og nytt land.

Sjå artikkel i Hordaland Folkeblad 3. oktober.