Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Grøn vekst i Norge

02.05.2013

Sentrale aktørar har no utarbeidd ein ny rapport om grøn vekst i Norge med forslag til mange tiltak for å fremja auka fruktproduksjon

Gartnerhallen SA og Norsk Gartnerforbund tok saman med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i oktober 2012 initiativ til eit arbeid med sikte på å bidra til å auka norsk produksjon av frukt, bær, grønt og poteter. Et breitt samansatt utval har no  lagt fram ein rapport med forslag til konkrete tiltak og politiske verkemidler som etter utvalet si meining er nødvendig for å nå dette målet.  

Sjå rapporten