Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kartlegging på nett

24.03.2015

Gjennom prosjektet DyrkSmart skal fruktlagera kartleggja kva planar alle produsentane har med omsyn på produksjon og framtidige investeringar.

Mange har hatt besøk frå lageret/rådgivingstenesta for å klargjera vegen vidare.

Vi manglar forsatt status for fleire produsentar og det er derfor du er oppmoda om å fylla ut dette skjemaet slik at vi kan få innsyn i dine planar.

Skjemaet finn  du her