Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs i Fruktklient II

06.04.2013

På oppmoding vert det nå arrangert kurs i Fruktklienten den 11. april kl. 18.30 på Fjordfrukt. Der er ikkje planlagt fleire kurs i 2013.

Kurshaldarar vert Øystein Spilde og Jarle Haustveit.

For dei som ynskjer det vert det høve til å kobla opp eigen PC (trådlaust).

På kurset vil ein gå innom alle deler av programmet, men med særleg vekt på endringar i m.a. teig/felt og sprøyting.

Kurset er opne for medlemmer i Hardanger  Fjordfrukt, Ullensvang Fruktlager og Nå fruktlager. 

 

Påmelding kurs FK