Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs i Fruktklient III

28.04.2014

Kunnskap om bruk av fruktklienten er viktig for alle medlemmer i fruktlagera i Hardanger. Vi tilbyr derfor nok eit kurs, kostnadsfritt for deltakarane. Dette kurset vert truleg det siste i 2014 og ein oppmodar alle om å nytta denne sjansen.

Kurshaldarar vert Jarle Haustveit.

For dei som ynskjer det vert det høve til å kobla opp eigen PC (trådlaust).

På kurset vil ein gå innom alle deler av programmet, men med særleg vekt på endringar i m.a. teig/felt, sprøyting og innmelding.

Kursa er opne for medlemmer i Hardanger  Fjordfrukt, Ullensvang Fruktlager og Nå fruktlager og ein vel den dagen som passar best. Kursa er tilpassa ferjetider.

MELD DEG PÅ I DAG. Du vil få tilsendt påminningsmail når dagen nærmar seg.

Påmelding her