Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs i Gjødselvatning

04.02.2014

Kurs i gjødselvatning på Utne 4. februar 2014 med 45 deltakarar. Presentasjonar er no lagt ut.

Det er gjennomført ein webbasert evaluering  av kurset (18 svar) med fylgjande spørsmål og gjennomsnittsresultat (skala 1-6, der 6 er best).

Kursopplegg og lokale: 5,0

Fagleg innhald:   4,8

Nytte for kursdeltakar: 4,4

Presentasjon frå Job Westplate finn du her

Presentasjon frå Jan Ove Nes finn du her

Presentasjon frå Øystein Pugerud finn du her

Presentasjon frå Olav H. Opedal finn du her

Morten Freberg frå Brødrene Freberg AS hadde firmapresentasjon og utstilling. Kontaktinformasjon ligg her