Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Kurs i gjødselvatning

12.12.2013

Kurs i Gjødselvatning den 4. februar 2014 på Hardanger Folkemuseum, Utne

Møtestart vert kl. 10.30 og avslutning ca kl. 14.50. Programmet er tilpassa fergetider til/frå Kinsarvik/Kvandal

Førebels program er som fylgjer:

  • Teoretisk grunnlag for gjødselvatning
  • Gjødselvatning – prinsippskisse
  • Leverandørpresentasjon (2 stk)  ca 15-20 min kvar
  • Mat og utstilling
  • Gjødselvatning i praksis –  produsentar fortel om sine erfaringar
  • Avslutning – oppsummering – spørsmål – 

 

Påmelding er viktig av omsyn til serveringa. Pris pr. deltakar NOK. 225

Påmelding kurs gjødselvatning

Evaluering