Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Langtidsleige av jord II

06.08.2013

Første avtale om langtidsavtale om jord er no inngått.

Gardsbesøka som er gjennomført avdekkar at mange produsentar ynskjer å leiga meir jord. Kombinert med utkast til mal for langtidsleige opnar dette for at dei som ikkje kan eller vil driva meir kan få andre til å halda jorda i hevd. 

Sjå artikkel i Hardanger Folkeblad 2. august.