Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Langtidsleige av jord

24.04.2013

Det er no utarbeida eit forslag til avtale for langtidsleige av jord.

Vi har tatt utgangspunkt i ein avtale som først vart laga i Telemark, men som vi har tilpassa våre tilhøve og som vi har fått kvalitetssikra av juridisk avdeling hos Fylkesmannen.

Denne avtalen kan no takast i bruk av dei som ynskjer dette og både Wordversjon (2007) og PDF-versjon ligg klar til nedlasting.

Eit slik produkt er under kontinuerleg vurdering/justering slik at vi er takksame for eventuelle kommentarar på både form og innhald. 

Wordversjon:

PDF versjon: