Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Praksisplass i Sør-Tyrol

07.08.2014

DyrkSmart og Norsk Fruktrådgiving Hardanger har i samarbeid med rådgjevingstenesta (www.beratungsring.org) i Sør-Tyrol oppretta eit tilbod om å formidla praksisplassar i fruktdistriktet i nord-Italia.

No kan komande og ferske fruktdyrkarar få arbeidserfaring frå ein av dei leiande fruktdistrikta i Europa – og kanskje i verda. I Syd Tyrol vert det produsert 1 000 000 tonn eple i året av om lag 6000 fruktdyrkarar. Dei fleste gardane har om lag same storleiken på eplearealet som i Hardanger.

Er du interessert kan du lesa meir her