Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Profesjonelle arbeidslag

20.08.2015

Fruktlagera har ofte (og aukande) etterspurnad etter arbeidshjelp til arbeidsoppgåve i samband med fruktproduksjon og vurderer om ein skal tilby sal av denne type tenester .

For å avgjera om dette er aktuelt  ber Fruktlagera no om attendemelding frå produsentane om dei ynskjer å kjøpa tenester som klypping, paspitling, ugraskontroll, hausting etc.

Utfyllande informasjon om korleis tilbodet kan leggjast opp finn du her.

Og skjemaet for å melda si interesse (eller å melda at dette ikkje er aktuelt)  finn  du her