Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Saft- og siderfestival 12. oktober

12.10.2013

12. oktober var me på Saft- og siderfestival i Øystese med konkurranse og brosjyrar.

I strålande sol og behageleg temperatur var DyrkSmart på Saft- og Siderfestival i Øystese med stand for å informera og synleggjera prosjektet. Til støtte hadde me laga ein konkurranse som festivalfolket fekk bryna seg på.

Konkurranse finn du her.

Resultatliste ligg her. Vinnarane har fått melding på SMS/mail.