Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Sparebanken Vest - ny samarbeidspartnar

14.06.2013

Styringsgruppa i DyrkSmart er særs nøgd med at Sparebanken Vest no har valt prosjektet vårt som eit av sine satsingsområde for utvikling av samfunns- og næringslivet i Hardanger og på Vestlandet. Sparebanken Vest vil i tillegg til direkte finansiell støtte bidra med kompetanse inn i prosjektet innan finansieringsløyingar, marknadsføring og PR/kommunikasjon. Banken går også inn med ressurspersonar i styringsgruppa og prosjektgruppa.

Sparebanken Vest grunngjev valet sitt på fylgjande måte:

Sparebanken Vest ynskjer å vere ei drivkraft for utvikling av samfunns- og næringslivet i Hardanger og på Vestlandet. I kvardagen hjelper me personar og verksemder med rådgjeving kring deira økonomi. Årleg deler me ut gåver til ålmennyttige midlar for å stø opp om gode lokale tiltak og prosjekt.

  • DyrkSmart er eit unikt prosjekt som treff rett i vår ambisjon.
  • DyrkSmart er innovasjon kring det å utvikle ei næring med lange tradisjonar i Hardanger.
  • DyrkSmart søkjer å kapitalisere på det faktum at me ikkje klarar å levere nok frukt
  • DyrkSmart legg til rette for eit betre og meir effektivt samvirke mellom produsent og fruktlager
  • DyrkSmart tilbyr å auka kompetansen til produsentane for meir «DyrkSmart»
  • DyrkSmart vil bidra til å auka landarealet for dyrking av frukt og dermed bidra til å oppretthalde eit fantastisk kulturlandskap.
  • DyrkSmart arbeider for å styrkje rekrutteringa til yrket
  • Tildelinga til DyrkSmart er på 350.000 kroner - den største tildelinga Sparebanken Vest gjev i vår region i år , og vi har ein intensjon om å bidra ytterligare med økonomiske midlar i prosjektet.