Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Studietur økologisk frukt - frå vest til aust

29.06.2015

Studietur for økologiske og konvensjonelle fruktprodusentar for å la seg inspirere og auke kunnskapen sin. Deltakarane vil møte etablerte økologiske fruktdyrkarar i ulike fruktdistrikt i Noreg.

 

Program:

12. august

11:00: vitjing hjå økologisk fruktprodusent i Hardanger, lunsj

17:00: vitjing hjå økologisk fruktprodusent i Gvarv, Telemark

Grilling og overnatting i Gvarv

13. august

10:00-14:00 - markdag og fagdag på Dyregård, Østfold. Fleire innleiarar.

14:00 - tillbake til Telemark og Vestlandet

Påmeldingsfrist:  1. august

For meir informasjon og påmelding sjå her