Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Om Dyrksmart

Hovudmål

  • Sikra framtida til fruktnæringa i Hardanger gjennom aktivitetar som skal auka produksjonen av kvalitetsfrukt, hindra at gode fruktareal vert teke ut or produksjon og at ungdomen vert inspirerte til å gå inn i næringa

Konkrete arbeidsmål

  • Gjennom informasjonstiltak auka kunnskapen om fruktnæringa hos sentrale personar innan skuleverk, politikk og finansieringskjelder spesielt og i lokalbefolkninga generelt.
  • Gjennomføra motivasjons – og produksjonssamtalar med alle produsentane tilhøyrande i Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager.
  • Etablera utplantingsavtalar med produsentar som sikrar auka årleg produksjon av kjernefrukt med 2000 tonn og med 350 tonn steinfrukt.
  • Etablera 3-5 lærlingplassar innan fruktdyrking.
  • Etablera eit oppgradert støtteapparat , i samarbeid mellom fruktlagera og Norsk fruktrådgjeving, som skal ha ein aktiv rolle overfor produsenten.
  • Auka tall produsentar under 35 år med 100 % og tall kvinnelege produsentar med 100 %.
  • Sikra tilplanting av eigna areal.

Organisering

Prosjekteigar / Prosjektansvarleg

Hardanger FJordfrukt (HF) og Ullensvang Fruktlager (UF)

Styringsgruppe

Magnus Opedal - leiar styringsgruppe (UF-styreleiar)

Jørund Kvestad (HF- styreleiar)

Tomas Hesthamar (HF)

Eva Aga Baas - Nå fruktlager

Øyvind Vatshelle - Fylkesmannen i Hordaland

Asgeir Løno - Sparebanken Vest

 

Prosjektleiar

Sjur Ove Svartveit – Svartveit Bedriftsrådgiving AS

Prosjektgruppe

Leif Øie (HF)

Sigbjørn Brusletto (UF)

Jan Ove Nes - Norsk Fruktrådgiving Hardanger